Thrillerval i Oslo

Høgresida leiar med eit mandat. Kampen om Oslo ser ut til å bli like spennande som for fire år sida.

image198

Arbeiderpartiet er det klart største partiet i Oslo på målinga som Aften prentar i dag. Ap har gått fram med sju prosentpoeng frå forrige val, medan SV har gått like mykje tilbake. Det kan sjå ut til at Rune Gerhardsen vil gjere eit godt val, men mest grunna tidlegare SV-velgerar som har snudd ryggen til partiet.

På Høgresida går Høgre ned med fem prosentpoeng frå forrige val. Men dei hentar likevel ein del velgerar som stemte på Framstegspartiet for fire år sida. Frp er jamnstore med SV i Oslo, men det er Venstre som er i vekst på borgarleg side. Dei puster nesten SV og Frp i ryggen.

Eit val i Oslo i dag tyder på knappast mogleg fleirtal for Høgre, Frp, Venstre og KrF. Med eit fattig mandat leiar dei kampen om makta i Oslo. Så langt har det handla om Ditlev-Simonsen. Det er no kampen mellom dei raude og dei blå-grøne tek til for alvor.

Skulle det bli borgarleg valsiger i Oslo vil nok Venstre med større muskler enn for fire år tilbake ha eit ord med i laget om kven som skal styre. Det er lite truleg at dei vil godta at Frp får både ordføraren og plass i byrådet.

Om det vert raudt fleirtal kjem eit styrka Ap og eit kraftig svekka SV truleg til å trenge støtte frå RV for å ta makta.  Senterpartiet har farmleis draumen om å kome tilbake i Oslopolitikken, med heller ikkje med solid nasjonal vind i ryggen ser dei ut til å klare det. 

Kampen om Oslo vert ein thriller nok ein gong. Kvar einaste røyst kan vere med å avgjere kven som skal styre byen dei neste fire åra. Kva trur du om valutfallet i Oslo?

Kommentarer:

Postet av: Pål
Det er på tide å velge side her! Riktig side!
24.aug.2007 @ 19:30
Postet av: vestkanten
Alle redelige samfunnsborgere MÅ stemme for et skifte! Høyre i Oslo er et smalt parti knyttet til personer med mye gamle penger og uten nye tanker.
Stem sosialdemokratisk. Stem Arbeiderpartiet!
24.aug.2007 @ 21:55
Postet av: Østkanten
RV er per i dag det eneste partiet på venstresida som virkelig står på krava. All respekt til Erling Folkvord, fortsett å kjempe, du har mange med deg!
26.aug.2007 @ 15:25

Skriv en ny kommentar:

Husk meg?

Trackback

Trackback-URL for dette innlegget:
http://app.nettblogg.no/trackback/ping/5509132
Mitt profilbilde

Kjetil Løset

Fra: Oslo

Født: 1972

Kjetil Løset, født 1. januar 1972, har siden 1998 vært politisk reporter i TV 2. Han følger arbeidet i Storting og regjering tett. Han har ansvar for meningsmålinger på TV 2 i samarbeid med TNS Gallup. Løset er sentral i planlegging av valg på TV 2. Han følger i tillegg mange samferdselssaker. Løset er utdannet journalist fra Høgskulen i Volda, og har tidligere jobbet som journalist i radio i fem år.

Mer...

august 2007
ma ti on to fr
   
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27 28 29 30 31    
             


hits